Velkommen til sommarnummeret av Termposten!
Sommaren står for døra, og i dette nummeret av Termposten finn du litt sommarlektyre om terminologi og fagspråk.
Nordterm-konferansen 2023 vart nettopp avslutta. I år vart han arrangert i Stockholm i eit samarbeid mellom Nordterm og nettverket for språknemndene i Norden. Det har òg skjedd mykje i universitets- og høgskulesektoren; mellom anna er det lagt fram ein handlingsplan for norsk fagspråk og forslag til ny universitets- og høgskulelov.
I denne utgåva av Termposten finn du eit intervju med Ivo Spira, nytilsett i Standard Norge med ansvar for komiteen for språk og terminologi. Du kan òg lese om den svenske termlista for berekraft (Hållbarhetstermlistan) og mykje anna.
God sommar!